Sigurd Drege ber om hjelp:

Drifta av kulturhuset er nær konkurs

– Pengekassa vår er i ferd med å gå tom. Gjer den det, må vi legge ned drifta, seier Sigurd Drege.

Sigurd Drege er redd koronakrisa vil få store konsekvensar for drifta av kulturhuset på Stranda.   Foto: Ingrid Hjellbakk Kvamstø

Nyhende

Måndag hadde styret i kulturhuset møte om framtida til Storfjord Kulturhus. Dersom likviditeten ikkje betrar seg innan 31. desember må driftsselskapet legge ned.