Grand hotell har hatt ubudne gjestar

Hærverk på Grand

Flakk gruppen pussar for tida opp Grand hotell på Hellesylt. Entreprenøren fekk seg eit uventa syn tysdag

Det var kvitt pulver overalt tysdag morgon når entreprenøren kom til annleggsområdet på Grand hotell.  Foto: Privat

Flakkgruppen får ekstra arbeid og ekstra kostnader  Foto: Privat

Nyhende

Det er HT Bygg Hellesylt som er entreprenør på arbeidet som vert utført på den fasaden som vender mot sjøen. Då arbeidet skulle starte tysdag kunne det sjå ut som støvet frå den siste tidas arbeid hadde lagt seg tungt i resepsjon og bar.


Opprydding av austfasaden

Fylket positive til prosjekt


Pulver og murpuss

Etter litt undersøking vart eit brannsløkkingsapparat funne. Restar av murpuss med meir førte mistanken over på skadeverk.

Brannsløkkingsapparat var nytta til å støve ned Grand hotell innvendig  Foto: Privat

– Ein finn spor av skadeverket både i hovudetasjen og på loftet, seier John Egil Giørtz Jacobsen, eigedomsansvarleg i Flakk gruppen.

Ein del av inventaret har antikvarisk verdi og det er difor synd at slikt skadeverk blir utført.

– Det påfører oss ekstra kostnader å måtte ta igjen etter dette, seier Giørtz Jacobsen.

Anleggsplass

Hotellet er no ein anleggsplass og stengt av med gjerde. Å ta seg inn som privatperson på dette området er ulovleg. På same tid kan det føre til hendingar som fører til personskadar.

Giørtz Jacobsen fortel at det blir investert store summar i arbeidet med å reinske opp i fasaden på hotellet. Delar av bygget skal fjernast, taket skal skiftast ut for å gi eit meir heilskapleg utsjånad. Denne delen av arbeidet skal etter planen vere ferdig før nyttår.

Det er det midtre utbygget som Flakk Gruppen no arbeider med å ta vekk  Foto: Eivind Louis Helset

Ikkje fyrste gang

Det er ikkje fyrste gangen det er oppdaga skadeverk på det tidlegare hotellet. Også før motelldelen mot sjøen vart fjerna var det kvite pulveret frå eit brannsløkkingsapparat spreidd på eit av romma.

Også i den tidlegare motelldelen var det nokon som hadde nytta seg av brannsløkkingsapparat utan å sløkke brann.  Foto: Eivind Louis Helset

Motellbygget frå 70talet blir demontert

Steller til Hellesyltneset