Oscar Almgren med gladmelding til ungdommane på Stranda

– No vert det ungdomsklubb

– Det startar som eit testprosjekt, men om det er mange interesserte og vi får den økonomiske stønaden vi treng, er det sjansar for at det vil bli fast kvar veke, seier Oscar Almgren. Ungdomsklubben startar allereie frå neste veke i Storgata.

På tide: – Dette er eit viktig tilbod til ungdommen. Konseptet er ikkje unikt frå andre plassar, men det er heller unikt at Stranda ikkje har hatt eit tilbod om det på ei stund, seier Oscar Almgren, dagleg leiar av Hygge og Uteguiden. arkivfoto 

Nyhende

14. og 15. oktober vert det ungdomsklubb for 8.–10. klasse på Hygge.