Foreløpige tal

Seksti tusen under fjoråret

Tvaksjonen si tvsending er nettopp ferdig. Den viser at det er samla inn meir enn 215 millionar kroner til no.

DIGITALT: TV-aksjonen går i år føre seg kun digitalt, ikkje med fysiske bøsser. Ordførar Jan Ove Tryggestad og leiar i Frivilligsentralen Aud Tomasgard Berstad er spente på resultatet. 

Nyhende

Tv-aksjonen 2020, Eit hav for alle, som går til World Wildlife Foundation (WWF) sitt prosjekt for å reinske opp plast i havet, hadde samla inn 215.693.315 når den direktesende innsamlingsaksjonen enda søndag kveld. Dette er om lag same sum som tv-aksjonen 2019 hadde samla inn på same tidspunkt.

Aksjonen i år var heilt annleis enn åra før grunna koronapandemien. Alle børser har vore digitale, og ingen har fått besøk på døra.

I Stranda kommune var det samla inn 133.627 klokka 23.00. Dette er meir enn 60.000 under summen som var samla inn totalt i fjor. På landsbasis ligg kommunen på 258.-plass og i fylket er vi på 24.-plass.

Dei 4.523 innbyggarane har bidratt med 29.54 kvar. Det er 10 kroner under landssnittet.

Framleis kan det kome inn meir pengar og Sunnmøringen vil kome tilbake med det endelege resultatet.