- Det har vore ein inspirerande tur

Ole Johannes Lindseth og Sylvi-Anne Tøsse (begge 18) kom heim til Stranda på laurdag etter halvannan veke i Japan.
Nyhende

Ole Johannes og Sylvi-Anne er leiarane i Vestborg vidaregåande skule sitt misjonsprosjekt i år.

I den anledning drog dei den i den 29. oktober til Japan – avgangsklassen sitt utvalde land.

– Det har vore ein inspirerande tur, seier Sylvi-Anne.

Når dei no er heime tek dei snart til med å fortelje andre om turen dei har hatt. Først skal dei halde ein presentasjon for dei andre elevane ved Vestborg, men dei skal òg ut på turné.

– Vi skal på ein russeturné, og då skal vi dra til bedehusa rundt omkring, seier Ole Johannes.

Kultursjokk

Før dei drog var dei ikkje heilt sikre på kva som venta dei på den andre sida av jordkloden.

– Ein av dei store forskjellane eg la merke til var at det var ingen søppelkasser i Japan. Men så var det jo heller ikkje noko søppel å sjå. Vi visste ikkje kor vi skulle gjere av nokon ting, smiler Ole Johannes.

Han la også merke til at fleire bilar stod ulåste med nøkkelen i tenninga.

– Det tyder på at det er lite kriminalitet i Japan. Ein kan nok seie at dei var mykje meir forsiktige enn vi hadde vore i Norge.

Annleis familie

Også forholda heime hos folk var annleis enn korleis norske familiar har det.

– Det som var svært overraskande var at nokon barn kjenner rett og slett ikkje faren sin fordi han er på jobb heile tida, seier Sylvi-Anne. 

– Det kan bli så gale. Du jobbar så lenge sjefen er på kontoret, og så går du gjerne ut med jobben etterpå, stemmer Ole Johannes i.

Presset på elevar og arbeidsfolk i det japanske samfunnet kan knapt samanliknast med noko vi er vant med her heime.

– Dersom folk ikkje klarer seg på skulen, så blir dei stempla som taparar. I slike situasjonar kan det dessverre ende med sjølvmord, seier Sylvi-Anne.

Prosjektframsyning

Meir lystig blir det her heime no når dei to elevane skal fortelje om turen til medelevane sine.

– Vi skal mellom anna ha ein Japankveld, kor vi skal lage til mat og ha konkurranse med spisepinnar. Då skal vi vise fram bilete og fortelje kva vi har opplevd, seier Sylvi-Anne.

Då får dei andre elevane ved Vestborg blant anna høyre om misjonæren Inger Valbø i Matsue, en by i sørvestlege Japan.

– Ho arrangerer Bible Club heime hos seg, kor dei les i Bibelen og lærer seg engelsk, den eine kvelden og filmkveld den andre. Då vi var der var det godt over 20 personar der, men berre to av japanarane som var der var kristne, fortel Ole Johannes.