Andre vidaregåande skule i fylket

Vestborg tek grep for elevane

Andre skule ut: Vestborg vidaregåande skule er andre skule ut i Møre og Romsdal som er dysleksivennleg skule. Nemninga inneber mellom anna at det er tilbod om hjelpemiddel, testing og oppfølging av dysleksi ved skulen.  Foto: Heidi-Beate Henningsen

SERTIFISERT: Hilde Tepstad er spesialpedagog ved Vestborg vidaregåande skule, og er sertifisert dysleksitestar.  Foto: Heidi-Beate Henningsen

Moglegheiter for alle: – Å vere dysleksivennleg skule gir oss eit kvalitetsstempel og viser at vi ønsker å gi kvalitet og hjelpe kvar og ein elev, seier Tepstad.  Foto: Heidi-Beate Henningsen

+ Abonnent

Vestborg vidaregåande skule har nettopp blitt ein dysleksivennleg skule, og er den andre skulen i fylket med dette fokusområdet.

Mange elevar er gjerne ikkje klar over at dei har dysleksi, og det gjeld fleire enn vi trur.

Hilde Tepstad ved Vestborg Vidaregåande har sjølv dysleksi og var den som fyrst tok tak i problematikken på skulen. Tepstad er utdanna lærar og arbeidar som spesialpedagog ved skulen.

Godt samarbeid

Vestborg har tett samarbeid med Dysleksi Norge. På den måten får lærarane og dei tilsette god opplæring og gode hjelpemiddel. Dette gir igjen elevane stor hjelp og gode mogelegheiter.

– Eg lærer noko nytt kvar dag. Og man trenger berre å endre metodar og vanar, seier Tepstad.

Vanskeleg å oppdage

Det kan vere vanskeleg å oppdage dysleksi. Elevane ser gjerne ikkje feila sjølve. På den måten føler dei seg dumme og gir lett opp etter mange prøvelsar. Men på Vestborg finst det råd.

– Elevane kan komme med egne innspel på korleis dei ønsker hjelp, seier Tepstad.

Bestemt på gjere ein forskjell

Tepstad var sjølv fast bestemt på at ho ville gjere ein forskjell. En forskjell som kunne gi stor betydning for dyslektikarar.

– Når Vestborg gav meg moglegheita så greip eg tak i ho. Både leiinga og dei tilsette står tett saman og arbeidar mot same mål.

– Det gir oss eitt kvalitetstempel og det viser at vi ønsker å hjelpe og å gi kvalitet til kvar og ein, seier Tepstad.

Finnes hjelp

Det finst mange hjelpemiddel i dag, mellom anna lydbøker og retteprogram for å nemne noko.

Personar med dysleksi brukar meir tid og energi på å løyse oppgåver, noko som kan gi eleven mange tilbakeslag.

Sertifisert testar

Vestborg Vidaregåande skule var per 2018 den andre dysleksivennlege skulen i fylket.

Tepstad meiner at elevane er viktige og at Vestborg ynskjer å gjere det dei kan for at alle skal lukkast.

– Sjølv er eg sertifisert dysleksitestar, seier Tepstad.