Stortap for Stranda/Sunnylven J16

Sport

Effektive Hareid slo Stranda/Sunnylven heile 9-1 i ein J16 kamp på Hellesylt stadion sist tysdag.

Hareid sjokkåpna og alt etter tjue minutt hadde dei scora fem mål og langt på veg avgjort kampen. Ved pause var stillinga 7-0 til bortelaget.

No var kampbildet langt jamnare enn resultatet fortel.

Første halvdel av andre omgang var eit jamt stormløp mot Hareid-målet, men heimelaget sleit med å få ballen i mål trass mange gode sjansar. 

Reduseringa  til 1-7 kom etter at Sara Sæther hadde fått avslutta frå kort hald etter ein corner.