Lokalderby i 7-ar fotball

Hellesylt stadion. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Ingrida Deltuvaite

Sunnylven Menn 7-ar:

Spelar i: Menn 7-ar avd. 2 på Sunnmøre

Trenar: Kim Sture Flo

Resultat denne sesongen: To sigrar, eitt tap (6 poeng). Valldal-Sunnylven (4-5), Sunnylven-Emblem (10-4) og HaNo-Sunnylven (11-0).

Toppscorarar i 2018: Magnar Tufte Tyssen (4), Trygve Aaland Tryggestad (2), Leif Rune Tryggestad (2), Ottar Frøysa Hellebostad (2), Alf Ole Sundgot (1), Daniel Nybø Støverstein (1), Eivind Louis Helset (1) og Kim Sture Flo (1).

Kjelde: Noregs Fotballforbund

Stranda Menn 7-ar:

Spelar i: Menn 7-ar avd. 2 på Sunnmøre

Trenar: Gunnar Espelund

Resultat denne sesongen: Tre sigrar, to tap (9 poeng). Emblem-Stranda (4-2), Stranda-NEG (4–3) og Norborg-Stranda (3-12), Stranda-HaNo (3–5) og Herd 3-Stranda (4-11).

Toppscorarar i 2018: Ingen tilgjengeleg informasjon.

Kjelde: Noregs Fotballforbund

Sport

Tysdagskvelden er det klart for best i Stranda kommune i 7-ar fotball. Då brakar herreseniorane til Sunnylven sine utvalde mot Stranda sine håpefulle saman på Hellesylt stadion.

Det er umogeleg å peike på ein favoritt, då denne avdelinga er umogeleg å spå ut frå tidlegare resultat. Einaste som ein kan lese ut frå tidlegare kampar er dette kan verte målrikt og underhaldande. Sunnylven kjem frå eit dundrande nederlag mot HaNo, 0–11. Eit lag også Stranda måtte strekkje våpen mot. Elles er resultata mildt sagt «hummar og kanari».

Det kan også vere at dommaren blir den mest sveittevåte i eit slikt intenst drama som det ligg an til på den grøne plastmatta langs Korsbrekkeelva. Den som tek turen til Hellesylt stadion rett etter barne-tv tid tysdagskvelden får sjå!

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport