Stranda A-lag herrar

Sterk prestasjon av Stranda

Robin Aal Norangshol sender avgårde eit skudd.  Foto: Eivind Louis Helset

Sport

Eit skadesvekka Stranda slo Hasundgot 1-0 torsdagskvelden. Mathias Rusten scora målet etter eit kvarters spel på Hasundgot kunstgras.

Kampen på Dimna var etter talet på kort, hard. Dommar Richard Olsen frå Åmdal IL synte det gule kortet heile åtte gongar, jamt fordelt med fire kort på kvart av laga.

Resultatet betyr at Stranda passerte Hasundgot på tabellen, og no er på øvre halvdel. Stranda vil klatre høgare på tabellen dersom dei slår Hovdebygda på Mona komande torsdag. Det er den siste kampen før laget tek sommarferie.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport