Lærerikt senior-NM for lokalt stortalent

Ole Sivert Røyrhus var i sin livs form og hadde forhåpningar om at det skulle vere mogleg å gjere noko med bestenoteringa på 800-meter. Så vart han sjuk og det vart derfor ikkje debuten i senior-NM han hadde sett føre seg.
Sport

– Før eg vart sjuk hadde eg tru på at det skulle vere mogleg å springe ned mot den beste noteringa og kanskje til og med fortare enn det. Men denne gongen var eg ikkje god nok til å sjå 1,53-talet. Det var heller ikkje særleg vilje i startfeltet til å springe til ei god tid. Eg sette fart og drog dei første 500-meterane i håp om at det var nokon som hadde lyst til å bidra til at tida vart bra, seier Røyrhus etter at han hadde springe sin aller første distanse i senior-NM.