Gratis inngang for kulturskuleelevar

Chopin-tolkar: Grzegorz Niemczuk.  Foto: Presse

Kultur

Den polske pianisten Grzegorz Niemczuk skal spele verk av landsmannen Frédéric Chopin i Storfjord kulturhus i morgon, tysdag.

– Alle elevane ved Stranda kulturskule vil få gratis inngang til denne konserten, opplyser rektor Trond Otto Berg.


Chopin-meister til Stranda

Tysdag spelar den polske pianisten Grzegorz Niemczuk verk av landsmannen Frédéric Chopin i Storfjord kulturhus.

 

I tillegg til å vere musikar, er Niemczuk også pedagog, kjem det fram i ei pressemelding. Som Sunnmøringen har skrive før, vil han for tredje året på rad halde meisterklasser ved Noregs musikkhøgskule i mai.

Under konserten «Chopin i ord og tonar» på tysdag vil han ikkje berre spele fleire verk, men også fortelje om musikken han skal framføre.