André Ulveseter har drive med standup lenge. Han er komikar, forfattar og foredragshaldar. For nokre er han kanskje kjend som «særskrivingsfyren». Men han er også berre eit menneske. Ein mann som har opplevd noko av det verst tenkelege.

Dette fekk vi høyre meir om og kjenne på, då André inviterte oss med inn i si sorg, si glede, og sitt liv gjennom dei siste åra. Der det siste året stod mest sentralt, og det låg ei viss nysgjerrigheit i lufta for dei som hadde høyrt om ulukka i Blindheimstunellen frå før.

Brått

Om lag 180 billettar var selt til showet. Salen var nærmast full, lyset var dimma og då det heile starta var det til musikk nett som på skrekkfilm. Bilete av André på skjermen, som vi hadde kika litt på medan vi venta, endra seg og stod brått i brann. Det er nok ikkje utenkeleg at fleire enn underteikna fekk klump i magen.

– Slik kjendest det for meg. Heile livet gjekk opp i flammar rundt meg, sa han.

Men mykje meir om dét sa han ikkje.

– Er det nokon som hugsar 2019?, spurde André brått og tok til å snakke om det året han skildra som det siste «normale».

Slik tok han oss med tilbake til før pandemien, før han losa oss gjennom 2020 og endringane som kom med pandemi. Heimeskule. Heimekontor. Korleis ville situasjonen vore i 1987? Heimeskule på open linje? Latteren sat laust i salen.

Men då lydnivået av latter var kome til sitt høgste tok André ein kjapp pustepause før han igjen skifta tema. Tilbake til hendinga i Blindheimstunellen. Salen vart heilt stille.

– Kom det brått på?, spurde han.

180 møtte til André Ulveseter sitt show i Velledalen i Sykkylven kommune. Foto: Amanda Røed Stave

Sterkt

André Ulveseter er kjend mellom anna for å vere opptatt av særskriving, han er også opptatt av språk og han er god i formidling. Han visste kva han gjorde då han bygde opp latter og glede, for å så overraske publikum. Vi skulle kjenne på at det kom brått på, trass i at det ikkje var i nærleiken av det han ville poengtere vidare.

Fredag 3. juni 2022 vart kjærasten til André drepen i trafikken. Han fortalde om panikken, om tankane og kva som gjekk føre seg dei mange minutta kring tidsrommet for hendinga. Men for han stod tida stille.

At komikaren står på scena att berre litt over eit år seinare er sterkt.

Han tok med publikum heilt til det inste, til kjærleiken, til gleda av å dele eit liv med eit anna menneske, til håpet og draumane, men også inn til det låkaste og vanskeligste.

Og han fekk publikum til å le og gråte. Tårene trilla for nokre, både av glede og av sorg. På godt og vondt.

André fekk mange meldingar i tida etter ulukka. Foto: Amanda Røed Stave

Innblikk

Denne kvelden fekk vi bli litt betre kjend med André. Vi fekk eit innblikk i korleis kjærasten var og korleis dei hadde det saman. Han fortalde om sorg og kor vanskeleg det er å takle, både for dei som står i det, men også for dei som står utanfor med blomar, hjartet i halsen og med ønske om å finne dei riktige orda å seie i ein slik situasjon. For kva skal ein seie, og kva bør ein ikkje seie?

– Eg fekk hundrevis av blomar, men ikkje éin einaste vase, sa han lattermildt, og påpeikte også mellom anna kor rart ordet «kondolerer» er.

– Det er litt for nært «gratulerer», meinte han mellom anna.

Også det å få hjelp når livet er tungt fekk vi høyre om. Om kor vanskeleg det kan vere anten om ein ønskjer hjelp eller ei.

André klarte å få fram latter i salen, med historier og poeng frå livet sine bølgjedalar og bølgjetoppar. Også dei som kjem brått på. Slik sette han to strekar under «Melankomiker». Eit sterkt og flott show, som han avslutta med same song som vart spelt i kjærasten si gravferd, ein stor takk for kvelden og med ein viktig beskjed om å køyre fint heim att.

Frå publikum fekk han til gjengjeld ståande applaus.