Populært Den eine av to kabelvogner som fraktar turistar frå fjorden og opp til Hoven på rundt fem minutt. 
            (Foto:  David Bissig/Loen Skylift)

Populært Den eine av to kabelvogner som fraktar turistar frå fjorden og opp til Hoven på rundt fem minutt. Foto: David Bissig/Loen Skylift

10.000 med gondolbana

Gondolbana i Loen i Nordfjord har fått ein betre start enn det var budsjettert med, skriv Nett.no.

Så langt har bana hatt over 10.000 reisande (opp og ned-tur) etter knapt ein månads drift. Bana blei opna av dronning Sonja 20. mai.

– Vi ligg føre skjema, seier sals- og aktivitetsleiar Odd Rune Flo, til Nett.no.

Krevjande drift

Budsjettet er på 55.000 reisande i år, medan break even-nivået er 42.500 reisande. På årsbasis er break even-nivået 65.000 reisande.

Den mest krevjande delen av gondolbanedrifta er restauranten på toppen, fortel hotelldirektør Richard Grov ved Hotell Alexandra i Loen.

Press på servering

Dagsrekorden så langt er 1.400 besøkande, og det set press på serveringskapasiteten.

Det er Hotell Alexandra som driv restauranten på toppen, og der er hotellet i full gang med å byggje opp erfaring om når besøksmengda er størst og korleis forsyningane skal fraktast opp i tide og i stor nok mengde.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Kvinner krev gransking av Trump

Fleire kvinner som tidlegare har skulda president Donald Trump for seksuell trakassering, gjentek skuldingane og krev kongressgransking.

Mot fleirtal for å ta olje og gass ut av oljefondet 

Det kan gå mot fleirtal på Stortinget for Norges Banks råd om at oljefondet sel seg ut av olje- og gassaksjar.

Titusenvis demonstrerer mot Trumps Jerusalem-avgjerd i Beirut

I Beirut deltek titusenvis i ein Hizbollah-demonstrasjon mot president Donald Trumps avgjerd om å anerkjenne Jerusalem som Israels hovudstad.

Solberg sponsar Nobel-feiringa med friske kroner

Statsminister Erna Solberg (H) droppa applausen under delar av Nobel-foredraget, men blar opp friske pengar til feiringa. 

Innstiller Drevland som nytt medlem av Kringkastingsrådet

Måndag innstilte Stortingets valkomité tidlegare bergensordførar Trude Drevland som ny medlem av Kringkastingsrådet.

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram