Finne inspirasjon Næringsorganisasjonen Hanen har pussa opp nettsida si i jubileumsåret. Dagleg leiar Bernt Bucher Johannessen vonar mange vil leggje turen innom og finne inspirasjon til noregsferie.
            (Foto: Kari Hamre, NPK)

Finne inspirasjon Næringsorganisasjonen Hanen har pussa opp nettsida si i jubileumsåret. Dagleg leiar Bernt Bucher Johannessen vonar mange vil leggje turen innom og finne inspirasjon til noregsferie.Foto: Kari Hamre, NPK

Hanen fyller 20 år

Bygdeturisme blømer

Næringsorganisasjonen Hanen fyller 20 år i år. Blant medlemmene, som tilbyr gardsmat og bygdeturisme av ymse slag, har det vore stor vekst og variasjon gjennom alle desse åra. Og næringa har stor tru på sesongen i år.

– På desse åra har mangfaldet blant medlemsbedriftene våre blitt veldig stort og fantastisk. Vi har snart 500 medlemmer frå heile Noreg. Bygdeturisme og gardsmat har teke til å gi inntekter og pensjonspoeng. Dei som driv med dette er ikkje ein naiv gjeng som surrar rundt i sommartåka og sel honning. Dette er seriøse bedrifter som bidreg til arbeid i lokalsamfunna sine, seier dagleg leiar i Hanen, Bernt Bucher Johannessen.

Hanen i mange kanalar

– Bygdeturisme er ei næring som må bli teken på alvor og bli skikkeleg marknadsført ute i verda. Vi er ikkje på jakt etter busslaster med turistar som berre blir her i 48 timar, men vi har søkjelys på dei turistane som vil kome og vere ein del av lokalsamfunnet og oppleve det spesielle kvar og ein har å tilby, seier Bucher Johannessen.

Hanen-organisasjonen har gjennom tjue år framsnakka og synleggjort små reiselivsbedrifter i Bygde-Noreg. I år har jubilanten pussa opp nettsida si, men kan også tilby ein app for å gjere bygdeperlene meir tilgjengeleg for folk. Hanen har i tillegg inngått samarbeid med den norske reiselivsportalen Visitnorway.com for å bli endå meir synleg både i inn- og utland.

Framtidstru

I den årlege medlemsundersøkinga til Hanen går det også i år fram at det er stor optimisme og framtidstru i næringa. Vel 92 prosent av bedriftene trur at sommaren 2017 blir "som i fjor eller betre" for dei. Av desse er det vel 48 prosent som trur sommaren i år blir "mykje betre eller betre enn i 2016". Samtidig er 70 prosent ganske eller svært optimistiske når det gjeld framtida.

– Dette er gode tal. Trenden gjennom mange år held fram. Omsetninga aukar og det vert levert gode økonomiske resultat. For første gong i 2016 hadde meir enn halvparten av Hanen-medlemmene over 1 million kroner i omsetning, seier Bernt Bucher Johannessen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

16 OECD-land brukar meir enn Noreg på offentleg velferd

Noreg toppar ikkje lista over kor stor del av BNP ulike land brukar på offentleg velferd. 16 OECD-land er før oss, ifølgje den danske fagforeininga 3F.

Statoil på verstingliste for klimagassutslepp

Ei gruppe investorar har plassert Statoil som einaste norske selskap på ei verstingliste for klimagassutslepp.

VG: Regjeringsforhandlingane startar 2. januar 

Forhandlingane om regjeringssamarbeid startar 2. januar, og fredag 19. januar er ein sannsynleg dato for at den nye regjeringa er klar, skriv VG.

Rentepanel: – Rentefesten vil vara lenge

Professor Ragnar Torvik meiner fallande bustadprisar og rekordhøg gjeldsbelasting hindrar Noregs Bank i å auka renta raskt eller mykje.

Arctic Race of Norway kolliderer med EM, mister stjerner

Sykkelrittet Arctic Race of Norway skal arrangerast samtidig med EM i Glasgow og kan miste mange av stjernene, melder NRK. Alexander Kristoff vel iallfall EM.

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.