Regjeringa vil skjerpe straffa for smittekriminalitet

Regjeringa vil heve straffenivået for grov smitteoverføring frå tre til seks års fengsel. Samtidig skal det meir til for å bli straffa etter dette forslaget.

Regjeringa foreslår også å heve straffenivået for det som blir kalla allmennfarleg smitteoverføring til 15 års fengsel. Denne føresegna rettar seg mot forsettleg smittespreiing gjennom luft, vatn, næringsmiddel eller andre «gjenstandar bestemt for alminneleg bruk eller sal», ifølgje proposisjonen.

Allmennfarleg smitteoverføring kan også bli ramma av terrorlovgjevinga, som har ei øvre strafferamme på 30 års fengsel, dersom det har skjedd i terrorhensikt.

«Ordinær» smitteoverføring – grov eller grovt aktlaus – omfattar som oftast sjukdomssmitte mellom to eller fleire personar, som hivsmitte ved seksuell omgang der det ikkje er gitt samtykke eller tatt smitteførebyggjande grep.

Smitteoverføringa må i begge tilfelle utgjere fare for liv eller helse for at den skal vere straffbar. Også forsøk på smitteoverføring som utgjer fare for liv og helse er straffbar.

Samtidig ønskjer regjeringa å fjerne straffansvar for aktlaus smitteoverføring, men hevar derimot øvre strafferamme for grov aktlaus smitteoverføring til seks års fengsel.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Gullgravar fann Noregs største klump i Rennebu

Arne Sevaldsen har grave etter gull i elva Gisna i Sør-Trøndelag i feriane i tre år. Denne veka fann han ein klump på 19,56 gram, noko som er ny noregsrekord.

Jegerforbundet vil ha lisensfelling også innanfor ulvesona

Norges Jeger- og fiskarforbund reagerer på at rovviltnemndene ikkje innstiller på å opne for felling av ulv innanfor ulvesona.

Narkodømd nordmann lauslaten mot kausjon i Bolivia

Ein norsk-boliviansk mann som blei fengsela i Bolivia for forsøk på kokainsmugling i 2008 er lauslaten mot kausjon.

32-åring sikta for valdtekt av fleire barn under 14 år

Ein 32 år gammal mann er i Sunnmøre tingrett varetektsfengsla i fire veker, sikta for valdtekt av fleire barn. 

Slutt for Stortingets kyrkjekomité 

Den tradisjonsrike kyrkjekomiteen i Stortinget er borte etter over 200 år.

Har fått over ein million til utvikling og produksjon

Gir støtte til ny Øie-film

Debatt med sterkt engasjement

Vil ha tilbod

Debatten rundt avlastingsbustader for barn og ungdom med særskilt stort behov, mangla ikkje engasjement.

Suksess-program

TV-team stenger Trollstigen

Trollstigen blir stengd i periodar i dag og i morgon.

2.581 strandarar får igjen på skatten

I dag kjem skattepengane

Kan ta i mot meir avfall på Kjølen

Etter at lokala deira i Ødegårdsvegen 130 brann ned i juni i fjor, har Stranda Gjenvinning og Transport AS halde til på Kjølen Miljøstasjon.

Stranda pensjonistlag

Valkampopning i Stranda "Slippen min" sigra

Det mangla ikkje på tema då sentrale politikarar drog i gang valkampen i Stranda.

Varslar straumstans i natt

Nettselskapet koplar ut høgspentlinjene mellom Stranda vgs og Korsbakken.

Fleire fekk forenkla førelegg

Laserkontroll i Velledalen

Damelaget Stranda/Sunnylven

To sigrar på to kampar

– Vi spelar for å vinne, fortel trenar Geir Koppang.