No blir det forbod mot skjult nummer ved telefonsal

Stortinget har vedtatt fleire innstrammingar i regelverket for telefonsal, mellom anna forbod mot skjult nummer og ferdigutfylte fakturaer.

Telefonsal toppar klagestatistikken hos Forbrukarombodet. No blir det vanskelegare for telefonseljarar å ta kontakt med dei som har reservert seg mot slikt sal.

Stortinget vedtok tysdag endringane i markedsføringslova samrøystes. Endringane ventar no på andre gangs behandling i Stortinget.

Det blir forbode å bruke skjult nummer ved telefonsal. Søkbare nummer i opplysningstenesta gjer det enklare for forbrukaren å identifisere kven som har ringt. Samtidig blir det lettare for Forbrukarombodet å følgje opp klagesaker.

Det blir òg forbode for næringsdrivande å innhente samtykke til telefonsal på vegner av fleire ulike næringsdrivande, til dømes når folk deltar i ein konkurranse eller ei undersøking på internett.

Eit tredje forbod rammar støttebrev frå frivillige organisasjonar. Dei kan ikkje lenger sende førespurnader om økonomisk støtte dersom førespurnaden kan bli oppfatta som eit krav om betaling, til dømes ein utfylt faktura med beløp, kontonummer og betalingsfrist.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

KrF scorar best hos Handikapforbundet

Etter ein gjennomgang av programma til alle parti konkluderer Norges Handikapforbund med at KrF i størst grad samstemmer med deira interesser.

Greenpeace protesterte mot oljeleiting i Barentshavet

Fem gummibåtar med Greenpeace-demonstrantar protesterte fredag mot leiteboringa Statoil gjer i Hoop-området i Barentshavet. Demonstrantar frå 19 land deltok. 

Mann stal lovsamling frå retten – må i fengsel

Ein mann er i Sogn og Fjordane tingrett dømt til åtte månader i fengsel for blant anna å ha knabba ei lovsamling frå Bergen tingrett.

Stoltenberg skildra frykt og avmakt på 22. juli

Seks år etter det verste massedrapet i Noreg i fredstid fortel Jens Stoltenberg og Utøya-overlevande Lara Rashid om sine kjensler og opplevingar den dagen.

Mattilsynet åtvarar mot giftige blåskjel 

Mattilsynet åtvarar mot å ete skjel plukka frå halvparten av deira kontrollstadar rundt om i landet i ei veke framover. 

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Har opna sommarutsal på Hellesylt

Denne sommaren sel ikkje Linda Fausa varer frå fjordane i Geiranger, men på Hellesylt. Ho fortel at ho var skeptisk til om det kom til å gå like bra, men seier at ho er positivt overraska.

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Hellesylt Hydrogen Hub

Dannar AS

Fleire aktørar går saman om å danne aksjeselskapet Hellesylt Hydrogen AS. Målet er å utnytte lokal kraftproduksjon.

For dyrt med landstraum for cruiseskip

Cruiseskip slepp ut store mengder klimagassar medan dei ligg til kai. Men løysinga som ville kutta utsleppa er for dyr.