Stortinget seier nei til ny kommunetvang

Kommunalminister Jan Tore Sanner og Høgre blir tvangsparkerte av stortingsfleirtalet, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han siktar til at Sp-forslaget om å stoppe nye tvangssamanslåingar av kommunar blir vedtatt av Stortinget torsdag.

– Fleirtalet seier tydeleg at det ikkje er rom for tvangssamanslåing av nye kommunar i denne perioden, seier Vedum.

Eventuelle kommunesamanslåingar i perioden 2017–2021 skal berre byggje på fri vilje, fastslår stortingsfleirtalet. I tillegg blir det sagt nei til indirekte tvang gjennom økonomisk press, seier Sp-leiaren.

– Små kommunar som har fått kutta sine inntekter for å få igjennom samanslåingar, vil møte betre økonomiske tider til neste år, seier han.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Arbeidsgjevarar skyr folk med arbeidstrening via Nav

Arbeidsgjevarar vil heller tilsetja folk som har gått arbeidsledige, enn folk som har hatt arbeidstrening via Nav, viser ein forskingsrapport frå Nova.

16 OECD-land brukar meir enn Noreg på offentleg velferd

Noreg toppar ikkje lista over kor stor del av BNP ulike land brukar på offentleg velferd. 16 OECD-land er før oss, ifølgje den danske fagforeininga 3F.

VG: Regjeringsforhandlingane startar 2. januar 

Forhandlingane om regjeringssamarbeid startar 2. januar, og fredag 19. januar er ein sannsynleg dato for at den nye regjeringa er klar, skriv VG.

Rentepanel: – Rentefesten vil vara lenge

Professor Ragnar Torvik meiner fallande bustadprisar og rekordhøg gjeldsbelasting hindrar Noregs Bank i å auka renta raskt eller mykje.

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.