Ny norsk landslagsnedtur

Rune Jarstein stoppa Hertha-kollega Ondrej Duda fleire gonger, men måtte gi tapt då Duda fann Stanislav Lobotka på overtid. Landslagsåret enda pinleg.

Duda og Slovakia-stjerna Marek Hamsík kom til fleire store moglegheiter, men vart stoppa av Jarstein kvar gong inntil Duda serverte Lobotka på overtid og sørgde for 1-0-siger til Slovakia. Då måtte sjølv Jarstein gi tapt på ein kveld der Noreg stod fram heilt utan idear offensivt.

Jarstein stod ein glimrande kamp på streken i sin 50. A-landskamp for Noreg. Jarstein viste igjen at han er det klare førstevalet til landslaget. 33-åringen var soleklart den beste spelaren for Noreg tysdag. Dessverre fekk han altfor liten hjelp av utespelarane.

Noreg skapte ingenting, om vi ikkje tar med to frispark i muren frå kaptein Håvard Nordtveit og Mohamed Elyounoussi, før Ola Kamara heada utanfor like før Slovakia avgjorde kampen.

Sleit med Hamsik

Vertane derimot skapte store problem i det som var Noregs siste A-landskamp for året. Takka vere Jarsteins tigersprang heldt vi lenge unna denne kjølige tysdagskvelden i Trnava, tre kvarter utanfor hovudstaden Bratislava.

Hamsik viste sine intensjonar etter 55 minutt, men skaut over frå 12 meter. Endå nærmare var Napoli-spelaren å gi slovakane leiinga etter ein knapp time, men Jarstein fekk på meisterleg vis slått eit godt skot til corner.

Deretter valde Slovakia å kvile Hamsik. Inn kom Jarsteins lagkamerat i Hertha, Ondrej Duda. Han kom til to gode avslutningar, men klarte ikkje å overliste bundesligakameraten sin. I staden tok Duda kelnerrolla og serverte då Noreg gjekk på endå eit tap i Aust-Europa.

Med tapet enda Noreg landslagsåret i minus. Tre sigrar, to uavgjort og fire tap er fasit i Lagerbäcks første trenar-år for dei norske fotballherrane. Noreg avslutta med to bortekampar mot Makedonia og Slovakia, men var aldri nær å vinne nokon av kampane i Aust-Europa.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Kveen: – Northug burde fått sjansen

Petter Northug er kraftig irritert etter vrakinga frå verdscupstarten. – No må han brette opp ermene og ta utfordringa, seier trenar Stig Rune Kveen til NTB.

Nordhaug parkerer sykkelen

Lars Petter Nordhaug (33) gir seg i Aqua Blue-laget og legg opp som proffsyklist.

Northug vraka til verdscupopninga

Petter Northug fekk ikkje oppfylt ønsket om å gå verdscupopninga i langrenn i Ruka kommande helg.

Svendsen får sjansen i Ruka

Anna Svendsen viste musklar i langrennsopninga på Beitostølen. Lønna vart plass til verdscuprenna i Ruka kommande helg.

Ny siger for curlinggutane

Noreg og skip Thomas Ulsrud hadde få problem med å slå Slovakia 7–2 i curling-EM måndag. Det var tredje siger for det norske laget i meisterskapen.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember