Merkels allierte ynskjer flyktninggrense

Det konservative bayerske partiet CSU vil ikkje at Tyskland skal ta imot fleire enn 200.000 flyktningar årleg. CSU er søsterpartiet til Angela Merkels CDU.

CSU la siste hand på valprogrammet sitt måndag. I programmet, som har fått tittelen «Bayernplan», blir det teke til orde for eit årleg tak på mengda flyktningar som skal takast imot i Tyskland på 200.000.

CSU hamna på kant med statsminister Angela Merkel då dei la fram eit slikt ynskje i fjor. Merkel meiner ei slik grense strider mot den tyske grunnlova.

– Den lenge etterlengta grensa på 200.000 flyktningar til Tyskland per år er naudsynt for å sikre integrering i praksis, heiter det i CSU-programmet.

Partiet set likevel ikkje innføringa av eit slikt tak som eit krav for framleis koalisjonssamarbeid med Merkels CDU.

– Berre det at spørsmålet om eit tak er på bordet, har ført til ein grunnleggjande endring i Berlins politikk, noko som i høg grad er i vår interesse, seier CSU-leiar Horst Seehofer.

Det langvarige debatten om ei flyktninggrense blei lagt til side då partia starta valkampen tidlegare i år.

– Først må vi vinne valet, seier Seehofer.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Trump med skarpe ord mot Nord-Korea i FN

President Donald Trump truar Nord-Korea med «total øydelegging» viss landet prøver å angripe USA eller alliansepartnarane deira.

Guterres til FN: Global frykt for atomkrig

FNs generalsekretær António Guterres sa at frykta for ein atomkrig er på det høgste nivået på fleire tiår, da han opna FNs hovudforsamling tysdag.

Ni sivile drepne sør i Afghanistan

Ni sivile afghanarar vart måndag drepne på to ulike stadar i Kandahar-provinsen sør i landet, opplyser ein tenestemann.

Fire barn drepne av opprørseld i Jemens tredje største by

Eit granatangrep har tatt livet av fire barn i eit bustadområde i byen Taez sør i Jemen, opplyser ein lokal tenestemann. Opprørarar blir skulda for å stå bak.

Renovasjons-konkurs råker Stranda

Konkursen i renovasjonsselskapet Reno Norden vil òg få konsekvensar for kommunane i Årim-samarbeidet.

Stranda vg skule

Laga reklamefilm

Den første av fem reklamefilmar frå Stranda vg skule er ferdig.

Fossevandring i Geiranger

Fekk prestisjekontrakt

Redningsaksjonen i Moldskreddalen

Berga ned frå Vasshornet

Politiet meldte på Twitter klokka 0256 natt til søndag at ein person som satt skårfast på Vasshornet i Moldskreddalen, er berga ned.

Redningsaksjon i Moldskreddalen

Klokka 22.14 melder Møre og Romsdal politidistrikt at det pågår et redningsoppdrag på Vasshornet i Moldskreddalen. Klatrere fra Sunnmøre Alpine redningsgruppe skal hjelpe ned en mann som har stått fast på en smal fjellhylle i flere timer.

Inneheld asbest

Skal fjerne helsefarlege røyr

Formannskapet godkjende nyleg at ny vass- og kabelgrøft på Framhus skal ut på anbod.

BLADFYKENS PETIT

Berre blåbær

Ein million tonn bær står og rotnar i skogen fordi ingen plukkar dei, melde NRK nyleg.