Titusenvis evakuert i Russland etter falske bombetruslar

Opptil 75.000 menneske har blitt evakuert etter falske bombetruslar ei rekkje stader i Russland dei siste dagane.
utenriks

Truslane har vore retta mot kjøpesenter, togstasjonar, flyplassar, universitet, sjukehus og hotell i fleire titals byar.

I Moskva blei opptil 30.000 evakuert onsdag, ifølgje russiske media. Tidlegare i veka skal 45.000 menneske ha blitt evakuert i mange byar.

Bombetruslane er ringt inn, og mange av samtalane har blitt spora tilbake til Ukraina, ifølgje nyheitsbyrået RIA Novosti.

(©NPK)