(Trykk til høgre for bildet for å sjå fleire bilde.) Familien Engås nesten klar for avreise. F.v.: Geir Magne, Margareth, Markus, Tobias, Eskil og Elida. (Foto: Jon Henriksen)

(Trykk til høgre for bildet for å sjå fleire bilde.) Familien Engås nesten klar for avreise. F.v.: Geir Magne, Margareth, Markus, Tobias, Eskil og Elida. Foto: Jon Henriksen

Her skal dei vere i tre månader. (Foto: Marita Bette Lillebø Ohma)

Her skal dei vere i tre månader. Foto: Marita Bette Lillebø Ohma

Klar for store opplevingar og nye vener. (Foto: Jon Henriksen)

Klar for store opplevingar og nye vener. Foto: Jon Henriksen

Markus (17) får med seg seks veker av turen. (Foto: Jon Henriksen)

Markus (17) får med seg seks veker av turen. Foto: Jon Henriksen

Ein svipptur på 1200 mil.

Ein svipptur på 1200 mil.

På tur skal dei jobbe som eit lag. (Foto: Jon Henriksen)

På tur skal dei jobbe som eit lag. Foto: Jon Henriksen

Geir Magne og Margareth gir familien erfaring for livet. (Foto: Jon Henriksen)

Geir Magne og Margareth gir familien erfaring for livet. Foto: Jon Henriksen

1 / 7

Skal vere i Kenya i fleire månader

Heilt i starten av januar dreg familien Engås frå Stranda til Nairobi i Afrika. Der skal dei hauste lærdom og røynsle for livet.

Familien Engås med mor Margareth, far Geir Magne, Markus (17), Tobias (13), Eskil (11) og Elida (7) skal delta i eit opplegg i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Opplegget heiter TEFT (Tent For å Tjene).

Familien skal lære om misjonsforståing, kulturell kommunikasjon og kanskje også litt om språket swahili. Borna skal gå på norsk skule, så dei blir ikkje hengande etter skulekameratane i Noreg. For ein periode på tre månader må borna skrivast ut av den norske skulen før dei dreg og så må dei skrivas inn att når dei kjem tilbake.

Dei vaksne skal og skulerast. Det blir tradisjonell undervisning i klasserom, men og praktisk deltaking i det arbeidet NLM har i området. Ein dag i veka skal dei til dømes vere med på hjelpearbeidet i slumområda.

Krokodillemat

Dei yngste i Engås-familien gler seg. Tobias på tretten år er glad i å lage mat, og han trur det blir spanande å prøve mat dei ikkje er vane med. Han veit at det kan vere aktuelt å prøve krokodille som kafemat. Elida som er den yngste gler seg og. Ho håpar det blir jamaldringar å leike med der, og mamma Margareth meiner å vite at det er det gode moglegheiter for.

Eldstemann Markus får ikkje med seg heile opphaldet, men seks veker er ikkje så dårleg. Den unge mannen, som har levert fleire videoreportasjar til Sunnmøringen, har planar om å drive med video og film i framtida. Han går på Vestborg, og bur på internatet der, så nokon «heime åleine fest» blir det ikkje snakk om.

–Vi tek med oss ungane slik at dei kan få eit ekte bilete av korleis andre stader i verda kan ha det. Det er store kontrastar i Nairobi. Alt frå moderne storbyliv til botnlaus fattigdom i slummen.

Les meir i papiravisa torsdag 5.januar.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Stranda Arbeiderparti

Attvalt som leiar

Helge Kvame vart attvalt som leiar i Stranda Ap under årsmøtet fredag.

Alperittet avlyst

Alperittet, som skulle bli arrangert neste helg i Stranda, må avlysast på grunn av mangel på snø.

Røykutvikling i hytte

110-sentralen melder om kontroll på staden etter meldingar om røykutvikling i ei hytte.

NTNU skal finne gode løysingar i Geiranger

Geiranger og verdsarvområdet treng eit berekraftig transportsystem.

Filminnspeling hos Spar Svingen

Det nye kassasystemet hos Spar svingen har gjort stor suksess, og eit team er no på plass for å filme løysinga i praksis.

Honndalsrennet

Sterkt frå Sunnylven

Kristine Hjelbakk Hole vann si klasse i Honndalsrennet søndag.

Får forskingsmidlar til skinke

Grilstad får 8,5 millionar kroner for å forske på ein effektiv produksjon av saltredusert spekemat.

Lokalavisene

- Ver engasjert

Eg hugsar berre vagt korleis det gjekk til at eg lærte å lese. Men eg veit at eg fekk sitje på fanget til far, ved bordet, med avisa framfor oss.

Attvalt som leiar

Helge Kvame vart attvalt som leiar i Stranda Ap under årsmøtet fredag.

Alperittet avlyst

Alperittet, som skulle bli arrangert neste helg i Stranda, må avlysast på grunn av mangel på snø.

Filminnspeling hos Spar Svingen

Det nye kassasystemet hos Spar svingen har gjort stor suksess, og eit team er no på plass for å filme løysinga i praksis.

Røykutvikling i hytte

Brannvesenet driv restverdiredning etter røykutvikling i ei hytte.

NTNU skal finne gode løysingar i Geiranger

Geiranger og verdsarvområdet treng eit berekraftig transportsystem.

Vêret ikkje heilt på arrangørane si side

Alperittet vil ha meir snø

Sidan 1995 er det berre eit år Alperittet ikkje har vore arrangert. Slik håpar arrangørane at det framleis blir.

Kulturkvelden i Stranda

Takkar for stor gåve

Det blei samla inn 60.000 kroner til ei ny redningsskøyte under kulturkvelden i Stranda laurdag.