Engasjement: Arbeidsgruppa og foreldreutvalet ved Liabygda skule ønska høyringsinnspel frå sambygdingane og det fekk dei på møtet i går. Frå venstre: Knut Ove Overå, Astrid Eide Stavseng, rektor Pål Bjørn Øvrebust, Randi Strand Overaa, Marie Hjørungdal Lied.

Engasjement: Arbeidsgruppa og foreldreutvalet ved Liabygda skule ønska høyringsinnspel frå sambygdingane og det fekk dei på møtet i går. Frå venstre: Knut Ove Overå, Astrid Eide Stavseng, rektor Pål Bjørn Øvrebust, Randi Strand Overaa, Marie Hjørungdal Lied.

Kritiske til innstilling om skulen

Foreldreutvalet ved Liabygda skule inviterte i går kveld til ope møte om framtida til Liabygda skule. Fleire av dei frammøtte stilte seg kritiske til innstillinga frå rådmannen.

Rådmannen innstiller i saka på at Liabygda skule skal leggast ned frå 1. august i år. I innstillinga frå rådmannen blir det rådd til at elevane frå Liabygda skal byrje på Ringstad skule, noko som betyr ferjeskyss for elevane frå 1. til 7. trinn.  Saka er ute på høyring fram til 4. mai, og målet med møtet i går var å få innspel til ein felles høyringsuttale.

Rundt tretti liabygdarar deltok på møtet, som var ope for alle i bygda.

- Eg har fått inspel på og sjølv fremja som syn til kommunen at Stordal/Norddal-alternativet ikkje er godt nok vurdert i innstillinga, sa rektor Pål Bjørn Øvrebust innleiingsvis til dei frammøtte.

Han fekk sterk støtte for dette synet i forsamlinga, og fleire av dei frammøtte tok opp punktet om skyss av elevane.

- På folkemøtet var bygda sameint og tydelege på at sikker skyss av ungane var eit ufråvikeleg krav. Dette er det ikkje tatt omsyn til i innstillinga, sa ein av foreldra.

- Stranda er heilt uaktuelt. Alternativet er Stordal/Norddal. Eg ser ingen fordelar med å sende ungane til Stranda, meinte ein annen.

- Om vi seier at vi går for Norddal/Stordalsalternativet, då må det vere skule i Liabygda eitt år til. Det er ein prosess som skal gjennomførast før ungane kan byrje på ny skule, sa Øvrebust til dei frammøtte.

Arbeidsgruppa sameiner innspela frå møtet inn i eit utkast til høyringsuttale, som blir presenterte for foreldra neste veke. Då er det kalla inn til nytt møte om Liabygda skule i regi av foreldreutvalet.

Meir om Liabygda skule og diskusjonane på møtet kjem i torsdagsprenten av Sunnmøringen

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Problem i trafikken

Snøkava held fram

Fleire vogntog har problem i trafikken på Stranda i morgontimane.

Rasferja Geiranger-Hellesylt

Ekstraavgangar søndag

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram