Merking Kjell Arne Sørheim, Martin Vågsæter, Gunnhild Overvoll og Kristine Skarbø merka landbruksprodukt med ønske om at bøndene framleis skal lage maten vi spiser.
(Foto: Johan Behrentz)

Merking Kjell Arne Sørheim, Martin Vågsæter, Gunnhild Overvoll og Kristine Skarbø merka landbruksprodukt med ønske om at bøndene framleis skal lage maten vi spiser. Foto: Johan Behrentz

Bøndene aksjonerer mot jordbruksoppgjer

Vil framleis produsere mat

Vi kan ikkje leve med at det økonomiske gapet mellom bøndene og andre yrkesgrupper aukar, seier bønder i Stranda.

I føremiddag har dei tatt oppstilling ved dagligvarebutikkar for å fortelje kundar at dei framleis vil lage maten som er på borda våre. Aksjonen er ein protest mot landbruksoppgjeret som braut saman like før helga.

Auke i kroner

- Vi vil ikkje ha auke i prosentar. Vi vil ha auka i kroner, seier leiaren for Bondelaget i Stranda, Kristine Skarbø til Sunnmøringen. Saman med styret i det lokale bondelaget er ho først til å ta oppstilling utanfor Rema 1000, der dei velvillig har fått sleppe til for å merke mjølkekartongar med klistrelappar.

-Nei, det blir ikkje noko blokade med traktorar i Stranda, men vil informere, seier Skarbø, som håper at fleire bønder ut over dagen vil vere med på markeringa ved daglegvarebutikkar.


Jordbruksoppgjeret

Aksjonerar i protest

Bøndene startar torsdag aksjonar for å skape merksemd rundt landbruket, men lovar at folk flest ikkje vil bli skadelidande.


Ulik tolking

Dei protesterande bøndene meiner det er tolkinga av jordbruksmeldinga, som vart vedteken tidlegare i vår, som er problemet. Landbruksministeren tolkar ho annleis enn det dei håper fleirtalet på stortinget gjer.

- At brotet i landbruksforhandlingane er ein strategi for å få Senterpartiet i regjering er feil. Det syner korleis Framstegspartiet arbeider, meiner dei.

Små og mellomstore gardar

I traktatar dei deler ut heiter det at bøndene i landbruksoppgjeret vil løfte heile landbruket, og særleg satse på dei små og mellomstore gardane.

-Regjeringa svarte med eit tilbod som ikkje løftar mangfaldet av gardar, og heller ikkje svarar på stortinget sitt vedtak om å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper. Inntekt er det viktigaste verkemiddelet for å løfte dei små og mellomstore gardane, heiter det i oppropet.


Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven