Konkurranse

Ta sommarbilete – vinn flaxlodd!

Foto: Alexander Nikiforov/Colourbox.com

Nyhende

I sommar har Sunnmøringen ein lesarbilete-konkurranse. Temaet er nettopp «sommar», og motivet er heilt opp til deg. Kanskje nyt du livet på ei sandstrand? Eller tek ein fjelltur på heimebane? Kanskje har du vore i ein åker og sikra deg av årets jordbær? Eller noko heilt anna?

Dei som får biletet sitt på trykk i første papiravis etter sommaren (17. august), vinn to flaxlodd kvar.

Dette treng vi av informasjon:

  • kven som er med på biletet (ta også med alder på barn som er avbilda)
  • kor biletet er tatt, og i kva situasjon
  • namn på den som har tatt biletet
  • adresse til fotografen (slik at vi veit kor vi kan sende flaxlodda om du vinn)

Du kan sende eitt eller fleire bilete til følgjande e-postadresse: post@sunnmoringen.no.

Fristen for å delta i konkurransen er søndag 13. august.

Bileta må ha høg oppløysing, slik at dei ser fine ut på trykk.