Stranda er med for første gong i år:

Ny Stikk Ut-rekord på Sunnmøre

Biletet er frå den blåmerkte Stikk Ut-turen til Nausane. At den er blå betyr at turen er litt meir krevjande enn ein trilletur/tur i lett terreng.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Sunnmørsposten skriv fredag at Stikk Ut-rekorden frå i fjor er sprengt.

Medan det i 2016 var 6.686 som hadde registrert seg, er talet så langt i år 7.675. Og framleis er det to og ein halv månad igjen av sesongen.

Talet på turar i fjor var 148.447, og så langt i 2017 er det gått 124.393 Stikk Ut-turar på Sunnmøre.

Stranda er medlemskommune i Sunnmøre friluftsråd

Det blir 13 Stikk Ut-turar

Alle fire bygdelag blir representerte når Sunnmøre Friluftsråd for første gong set i gang Stikk Ut-turane i Stranda.

Stranda er nyleg blitt medlem av Sunnmøre Friluftsråd, og har fått sine første Stikk Ut-turar i år. Så langt har 934 personar i kommunen registrert seg. Desse har gått på 3.038 turar, skriv smp.no.

Det er berre ein tur på heile Sunnmøre som er svartmerka, som vil seie at den har det høgste vanskegrada. Det er Vinsåshornet i Geiranger.

Så langt i år har 57 personar registrert ein tur dit.

Sunnmøringen har vore på fleire av dei 13 Stikk Ut-turane i Stranda kommune. Her kan du lese om turane til Ansok, Nausane, Kurlå, Dregetua og Ljøbrekka.