Arkivfoto frå Åkerneset.

Arkivfoto frå Åkerneset.

Har Åkerneset verkeleg vore den våtaste plassen i landet i sommar?

Vi har sjekka med Meteorologisk institutt.

I ei twittermelding fredag skriv Meteorologisk institutt at Åkerneset i Møre og Romsdal har hatt flest regnversdagar i sommar. Det skal ha regna der i heile 70 av 72 dagar mellom 1. juni og 11. august.

Åkerneset deler førsteplassen med Vats i Vindafjord, som ligg i Rogaland. Deretter følgjer Tromsø, Bergen, Blindern i Oslo og Trondheim:

(Foto: Meteorologisk institutt/Twitter)

Foto: Meteorologisk institutt/Twitter

 

Sunnmørsposten stiller spørsmålsteikn ved heile.

– Vi har sjekka tal som visar at Åkerneset på Sunnmøre hadde til saman 189,6 mm nedbør i juni og juli, medan Vindafjord hadde 392,5 mm nedbør i same periode, så noko skurrar, står det å lese på smp.no.

Avisa lure også på om instituttet kan meine ein annan stad enn Åkerneset i Stranda kommune, sidan det finst fleire stader med same namn i Norge?

– Sikre?

Vi tek ein telefon til Meteorologisk institutt, og spør om dei er heilt sikre på at Åkerneset i Stranda kommune har hatt regn i 70 av 72 dagar så langt i sommar?

Vakthavande meteorolog Jon Austerheim fortel at han ikkje har noko med twittermeldingar å gjere, men at det ifølgje «vêret som var»-funksjonen på yr.no er sant.

– Det skal ha regna litt kvar dag, bortsett frå 8. og 15. juni. Det er verdt å merke seg at det ikkje skal mykje til før ein dag blir rekna som regnvêrsdag. Det kan regne berre litt og så vere sol resten av dagen, fortel Austerheim.

Vêrstasjonen kan ha fått hikke

Han sjekkar målaren, som ligg 900 meter over havet – i Stranda kommune.

Og då:

– Eg ser at dette er ein automatstasjon. Det hender at desse får litt hikke og melder at det har vore dagar med 0,2 og 0,3 mm nedbør, utan at det nødvendigvis har vore det. Eg skal ikkje seie at det gjeld denne stasjonen, men det kan hende, seier Austerheim.

Han held også døra open for at det kan vere ein annan vêrtype i fjellet enn i låglandet.

– Eg kan i alle fall stadfeste at det er rett at det har vore to opphaldsdagar ut ifrå måleserien. Men ein bør også ta med i berekninga dei lokale vêrforskjellane som kan vere mellom høg- og låglandet, og også den moglege svakheiten i måleutstyret, seier meteorologen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Stigande vaniljepris gir dyrare is

Ein syklon på Madagaskar fører til høgare vaniljeprisar, noko som har ringverknader i iskremindustrien.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Analytikarar ventar beste lakseresultat nokosinne

Sjømatanalytikarar forventar rekord når fleire av lakseselskapa legg fram kvartalsrapportane sine denne veka.

– Ei stor ære

Det seier Roger Furset, som søndag blei utnemnt til æresmedlem i Storfjordens Venner.

Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger:

Medlem i nytt samarbeidsråd for kultur og reiseliv

Ei av oppgåvene til den nye meiningsgruppa blir å gje råd til regjeringa, som ønskjer å lokke fleire kulturturistar til Norge.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Stranda Feriesenter

Vil ha saka opp på ny

Siste ord om avslag på søknad om næringsstøtte til arkeologisk undersøking er ikkje sagt.

Fjord Trail Race

Stor innsats av Røde Kors

Røde Kors i Stranda hadde 31 frivillige på plass under Fjord Trail Race.

I regn og skodde

Imponerande tider i regnet

Jonathan Albon frå Bergen og England vann det lange Fjord Trail Race.

Matfestivalen

Er du ein matgründer?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar.