Fossevandringa: Fossevandringa i Geiranger skal lyssettast. ARKIVFOTO
(Foto: Anniken Westad)

Fossevandringa: Fossevandringa i Geiranger skal lyssettast. ARKIVFOTO Foto: Anniken Westad

Flest tyskarar i Geiranger midt i juli

Telenor kartlegg turisttrafikk

Ein ny analysemetode kan fortelje kva for nasjonalitet turistane i Geiranger og andre turiststader kjem frå.

Gjennom juli månad utførte Telenor ein analyse i Geiranger. Basert på statistikk om mobiltelefonar som koplar seg på Telenors mobilnett i og rundt desse områda, kunne Telenors analytikarar fastslå at av utanlandske turistar var det flest tyskarar i Geiranger 17. juli kl. 18.00

Rekke nasjonalitetar

– I juli registrerte vi ein rekke nasjonalitetar som har besøkt i Geiranger basert på informasjon frå mobilnettet, seier Ove Fredheim, leder for Telenor Bedrift i ei pressemelding.

Topp 10 nasjonalitetar i Geiranger 17. juli kl. 18.00 målt på Telenors mobilnett. (I prosent)             

Tyskland   44                                                 
Italia         15                                                                                    
Spania       11          
Filipinnene   7
Norge          5                                                      
Danmark     5                                      
Austerrike   2
Sverige       2                                                                          
Sveits         2                                                                
Frankrike    2

– Ved å sjå på talet på utanlandske SIM-kort i nettet og korleis desse beveger seg, kan vi planlegge sikkerheit og beredskap, informasjonsarbeid og marknadsføring av turistmåla våre, forklarer Fredheim.

Utvikling av nye spennande tenester

Telenor har utvikla ein ny metode som sikkert hentar ut anonymiserte data frå mobilnettet som kan brukast til betre samfunnsplanlegging. Anonymiserte kundedata frå Norges største mobilnett kan brukast til å bygge smartare transportløysingar, framtidas helse og velferd og skreddarsydde reiselivsopplevingar.

Verdfull analyse

– Stordata frå mobilnettet kan gi fleire sektorar verdifull innsikt og analyse om reisemønster som aldri tidlegare har vore mogeleg. Vi kan bruke dataane for å gjere opplevinga av byer, stader og natur betre for de stadig fleire turistane som besøker Norge, held fram Fredheim

Nye moglegheiter

Telenor finn stadig nye bruksmoglegheiter av mobilitets data som både offentleg sektor og privat næringsliv vil ha stor nytte av.

– Trafikkdata gir grunnlag blant anna for studiar av transport og reiser i Norge, og vi har allereie etablert eit samarbeid med Transportøkonomisk Institutt. Dataane bidrar til å forstå trafikkflyt, forbetre trafikkløysingar- og sikkerheit, og kvar samfunnet er mest tent med å investere i vegar, togstasjonar og annan infrastruktur, seier Fredheim.

Andre datakjelder

Stordata frå mobilnettet kan også koplast mot andre datakjelder som data frå buss, tog og flyselskap, samt hotelldata.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven