Seminaret vil gå føre seg på Hotel Union.
            (Foto: Anniken Westad)

Seminaret vil gå føre seg på Hotel Union.Foto: Anniken Westad

Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag

Inviterer til seminar i Geiranger

I neste veke, 20. og 21. september, inviterer Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag både reiselivet og landbruket til eit seminar i Geiranger. Det har fått namnet «Ny landbrukspolitikk».

– Norsk Bonde- og Småbrukarlag er midt i ein prosess der vi er i ferd med å meisle ut eit forslag til ein ny landbrukspolitikk. Dette har sin bakgrunn i fleire forhold, blant anna Riksrevisjonens konklusjon om at det er lite samsvar mellom målsettingar og gjennomført politikk, samt krav om auka berekraft og forståing for at landbruket har stor verdi også for andre næringar i landet vårt, skriv dei i invitasjonen.

– Dette gjeld både leverandørar og mottakarar av landbruksprodukt, men ikkje minst den verdien som landbruket er for reiselivet. Etter det siste landbruksoppgjeret skal det også setjast i gang ei utgreiing om «driftsvansketilskot» som vil vere svært viktig for nettopp denne typen landbruk.

Blant dei lokale som har fått tid på talarstolen er fungerande leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Merete Løvoll Rønneberg. Ho vil fortelje om landbruket si betydning for verdsarven.

Sindre Mjelva ved Hotel Union Geiranger sitt innlegg vil handle om samhandlinga mellom landbruket og reiselivet.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember