Ljøen-kaia restaurert

Snart til hundre

Verdsarvstiftinga har saman med grunneigarane jobba med opprusting og restaurering av Ljøkaia. Søndag var det markering av den 98 år gamle kaia.
Nyhende

Søndag var vel tretti deltakarar samla på Ljøkaia i Sunnylven, for å markere at restaurering av kai og naust er fullført.

Prosjektet har hatt ein kronglete veg mot mål, men no er arbeidet fullført i eit prosjekt i samarbeid mellom grunneigarane og Verdsarvstiftinga.

Snart hundre

Erling Ljøen, ein av grunneigarane, fekk æra av å stå for den offiselle gjenopninga av kaia - og fortalte forsamlinga at kaia vart påbyrja mellom 1912 og 1914.

– Kaia sto ferdig i maidagane 1919, fortalte han. Og det vart då bemerka blant publikum at ein snart sto foran eit jubileum.

– Når kaia fyller hundre år om to år, må vi jo ha jubileumsmarkering. Du stiller, spurte Bente Bonsaksen.

– Om eg lev og ikkje er blitt heilt tullersusk, så kjem eg, lova Ljøen.

Ljøen fortalte om historia til kaia og mangfaldige aktivitetar - mellom anna livdyrfrakt og mjølkeleveranser - frå kaia sto ferdig tidleg i førre århundre.

Heldt på rase ut

Kaia var i dårleg forfatning då Hellesylt vekst tok kontakt med Verdsarvstiftinga, med spørsmål om bidrag til restaurering.

– Ein hadde hatt dykkarar på plass, som fann ut at kaia sto i fare for å rase ut. Naustet, som no er restaurert, var heilt samanrasa, fortel Merete Løvoll Rønneberg i Verdsarvstiftinga.

Etter fleire avslag på støtte til restaurering, og ein kronglete veg gjennom anbodsprosess og forhandlingar om pris, har ein no i samråd med Fylkeskonservatoren mellom anna støypt nytt topp-dekke og gjort sikringsarbeid på kaia og bygd opp igjen naustet.

Totalramma på restaureringsprosjektet er vel 1, 2 millionar kroner.

Historieformidling viktig

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) poengterte at restaurering av kaia var naudsynt.

– Å formidle historie er viktig. Når postvegen over Ljøbrekka er ferdig opprusta, har vi eit samanhengande bilete av noko av det flottaste Stranda har å by på, sa han.

Ein båtdåp vart det òg på markeringa, kor Løvoll Rønneberg døypte «Beitebåten» til Bonsaksen-familien.

Båten skal frakte dyr på beite til Oaldsbygda framover.