Geiranger

Nibbevegen er vinterstengt

Til høgre er Djupvasshytta, som ligg ved foten av Nibbevegen.  Foto: Arkiv

Nyhende

Geiranger Skywalk – Dalsnibba melder i dag, måndag, at vegen opp til utkikkspunktet er stengt for vinteren.

Dagleg leiar Ann Kristin Mossberg seier til Sunnmøringen at årsaka er det kalde vêret og nedbøren som har kome i form av snø.

– Folk har framleis sommardekk, så då må vi stenge. Sikkerheita kjem først, seier ho.

Sjølv om tala ikkje er klare enda, kan Mossberg fortelje at dei no har lagt ein veldig god sesong bak seg.

Nibbevegen blei mellombels stengt den 20. september. Også då var det snøvêr som var årsak til stenginga.