Tre kattungar vart funne midt i vegen i Geiranger fredag ettermiddag. Dei tre har no tilhald på Skjåk, og er klare for adopsjon når dei er tolv veker.
            (Foto: Foto: Privat)

Tre kattungar vart funne midt i vegen i Geiranger fredag ettermiddag. Dei tre har no tilhald på Skjåk, og er klare for adopsjon når dei er tolv veker.Foto: Foto: Privat

Vil ha tips etter kattunge-dumping

Dyrebeskyttelsen Møre og Romsdal ber om tips etter at tre kattungar vart funne dumpa i Geiranger før helga.

Dei tre kattungane på rundt sju, åtte veker vart funne dumpa på FV63 mellom Grande camping og Geiranger sentrum.

- Dei vart funne fredag ettermiddag i femtida, midt i vegen i ein sving. Det er to hanner og ei hokatt, seier Kristin Slålien Gjerdet på Skjåk.

Ho tek no hand om kattene, etter at ein ven av ho kom med dei i helga.

- Eg hadde ikkje hjarte til noko anna, seire ho.

Ber om tips

No ber Dyrebeskyttelsen Møre og Romsdal og Gjerdet sjølv om tips frå publikum rundt hendinga:

– Skulle nokon vite noko om hendinga, ta kontakt med oss, skriv Dyrebeskyttelsen Møre og Romsdal på si Facebook-side.

- Dei var heilt tørre i pelsen då dei vart funne, og det rekna i Geiranger fredag. Så dei kan ikkje ha ligge lenge. Men dei låg midt i vegen, som ein bylt, fortel Gjerdet.

Mor sannsynlegvis påkøyrt

Ein vaksen hokatt vart funne påkøyrt i same området, mykje tyder på at det var mora til kattungane.

For kattungane blir det ei lukkeleg løysing, og dei trivs innomhus fortel "reserve-mor" Gjerdet:

- Dei er sju/åtte veker, og skal få vere hjå meg til dei er tolv veker gamle. To er tinga vekk allereie. Dei er folkevande, og går på do sjølv. Og dei har ein kjempeapetitt, ler Gjerdet.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Kommunestyret vedtok torsdag å sende saka om legekontor på Hellesylt til handsaming i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK).

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal onsdag avgjere om rutehefta i fylket kun skal finnast digitalt.

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Stranda kommune fekk avslag på søknad om tilskott til breidbandsutbytting frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM).

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

I helga kan alle som er interesserte i stjernehimmelen få med seg den årlege meteorsvermen Orionidene.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.