Kreditering: Stranda vidaregåande skule/HL Media

Stranda vgs

Den tredje reklamefilmen er ute

Ole Bjørn Hjellegjerde seier dei har litt dårleg samvit for at ikkje alle bygdelaga er dekt i like stor grad i filmane, men at både tid og midlar har vore avgrensa.

Den tredje av til saman fem reklamefilmar frå Stranda vidaregåande skule er no ute. Den handlar om sjåverdigheiter og attraksjonar i kommunen.

Øvst i saka kan ein kan sjå den engelske versjonen.

– Heile prosjektet tok utgangspunkt i at vi på Stranda vgs. ønska oss nokre korte reklamefilmsnuttar på heimesida vår for å lokke til oss nye elevar utanfor kommunen. Men så er det jo slik at dette tek masse tid, og kostar mykje pengar. Derfor blei ideen slik at vi også kunne lage engelske versjonar, som kommunen kan bruke ut mot turistar og andre aktuelle målgrupper. Vi tenkte at om vi kunne kombinere desse to ønska, kunne vi òg søkje om økonomisk støtte, og det gjorde vi, fortel lærar, idéhavar og manusforfattar Ole Bjørn Hjellegjerde.

Mangla engelsk informasjon

Som Sunnmøringen har skrive før, har den vidaregåande skulen fått 34.000 kroner frå næringsfondet til dei fem filmane.

– Kommunen hadde allereie ei fane på heimesida si, «This is Stranda», og der fanst det eigentleg ingen informasjon på engelsk. Dermed tenkte vi at vi kunne slå to fluar i ein smekk, både gi noko nyttig til kommunen og bruke filmane til å marknadsføre skulen, seier Hjellegjerde.

– Litt dårleg samvit

Noko av filminga har dei gjort i sommar, og litt no den siste tida.

– Vi tek det litt sånn innimellom, når eg og produsent Herman Lersveen har tid og anledning. Vi skulle gjerne ha fått filma enda meir. Vi har mellom anna ikkje vore så mykje i Liabygda, og det har vi litt dårleg samvit for, seier Hjellegjerde.

– Gjer så godt vi kan

Han fortel at tilbakemeldingane på dei to filmane som har vore ute til no har vore positive, men at filmskaparane ikkje har tatt så mykje omsyn til om det er private eller offentlege aktørar eller stader som blir filma.

– Det er det nok sikkert forskjellige meiningar om, men sluttproduktet er laga med artistisk fridom og innanfor ei ganske stram økonomisk ramme.

– Eg reknar med at det er enkelte reiselivsaktørar som synest at det er urettferdig at vi berre var på eitt hotell i kommunen i denne reklamefilmen. Vi skulle gjerne ha filma hos dei andre også, og det må vi berre be om orsaking for. Vi søkte om 50.000 kroner, og fekk ikkje heile søknadssummen innvilga. Dermed har vi nokre økonomiske avgrensingar, men vi gjer så godt vi kan, seier Hjellegjerde.

Den første filmen handla om friluftsliv, og den andre om kultur, sport og fritid. Den fjerde vil ta føre seg skule, arbeidsliv og offentleg transport, og den siste gründerskap og næringsutvikling.

Reklamefilmane er produsert av Herman Lersveen i HL Media.


Ny film

Fin Stranda-reklame

Stranda vidaregåande skule har laga enda ein reklamefilm om kommunen.



Stranda vg skule

Laga reklamefilm

Den første av fem reklamefilmar frå Stranda vg skule er ferdig.



 
Meir å lese på Sunnmøringen:
Skjermdump frå den siste reklamefilmen.
            (Foto: Stranda vidaregåande skule/HL Media)

Skjermdump frå den siste reklamefilmen.Foto: Stranda vidaregåande skule/HL Media

Siste nyheter

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen opna tysdag den nye samlokaliserte sentralen for politi og brann i Ålesund.

Kyrkjebesøk

Framførte Alf Prøysen si jul

Juleforteljinga vart gjort levande med Alf Prøysen si Julekveldsvise, då elevar frå 1.- 3. klasse ved Ringstad skule besøkte Stranda Kyrkje tysdag.

Fv 60 ved Hellesylt

Open for trafikk

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.