Toppserien i handball

Tapte "slaget om Møre og Romsdal"

Stranda J16 tapte 19-23 mot Vestnes/Varfjell i Toppserien søndag ettermiddag.
Nyhende

Stillinga ved pause var 10-10. Laga er dei to beste i si årsklasse i fylket og heimelaget var ute etter revansje etter tapet i haust. Slik gjekk det ikkje.

For Stranda scora Emma Viddal Orheim 1, Ingvild Græsdal 5, Hanna Flydal Vågsæter 4, Helga Pedersen Lersveen 3, Solveig Orheim 2 og Sara Hoel Røyr 4.

Stranda møter Charlottenlund komande helg til ny kamp i Toppserien. Kampen går i Strandahallen laurdag.

G16 slo Ørsta2

Tidlegare søndag ettermiddag var Stranda G16 i sving. Dei slo Ørsta2 28-22. Stranda leia 13-11 ved halvtid. Med denne sigeren gjekk Stranda til topps på tabellen i si avdeling.

For Stranda scora Simon Mikal Brune 2, Uvakaran Segaran 11, Mats Løvlid 3, Christian Andre Taraldset Løseth 5, Marcus Djupvik Myhre 3, Johan Fagerstrøm Øye 2, og Elias Røyr 2.

Neste kamp for G16 er borte mot Langevåg 2 om to veker. Dette bli ein toppkamp i avdelinga. Laget frå Sula ligg poenget bak Stranda etter kampane i dag.