God start på året for sjømateksporten

Illustrasjonsfoto.  Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Noreg eksporterte sjømat for 7,7 milliardar kroner i januar. Det er ein auke på 143 millionar kroner, eller 2 prosent, frå same månad i fjor.

I den første månaden i år vart det eksportert 198.000 tonn sjømat, ifølgje Noregs sjømatråd. Det er ein volumauke på 23.000 tonn, tilsvarande 13 prosent, frå januar i fjor.

– Verdiveksten som eksportnasjonen Noreg opplever i januar, kjem frå kvitfisksida, seier direktøren for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd, Asbjørn Warvik Rørtveit.

– Det er gledeleg å sjå at EU-marknaden har ein sterk volumvekst og til ein historisk sett høg pris. Spesielt er det oppløftande at Frankrike tar unna auka volum. Samtidig aukar eksporten av laks til Kina frå januar i fjor, legg han til.

Det var ein auke i eksporten av aure, sild, klippfisk, reker og fersk og fryst torsk. Eksporten av laks og saltfisk er stabil, mens den gjekk ned for makrell og kongekrabbe.

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) er glad for at den positive utviklinga fortset i 2018.

– Vi har akkurat lagt bak oss eit rekordår. Sjømatnæringa er ei av Noregs viktigaste eksportnæringar. Regjeringa har store ambisjonar for denne næringa. Den skal vekse, og den skal skape fleire lønnsame arbeidsplassar, seier statsråden i ei pressemelding.

(©NPK)