LLA:

Trur post to dagar i veka blir nådestøyten for papiravisa

Posten lever for å levere, men snart skal dei levere sjeldnare.  Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Posten vil redusere postomberinga til annankvar dag frå 2020. Frå 2022 vil dei kutte til to dagar i veka. Det kan få dramatiske konsekvensar for lokalavisene, trur generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser (LLA).

– Det er papiravisa som står for dei fleste inntektene for avisene, spesielt når det gjeld annonseinntekter. Alt som lagar problem for distribusjon av papiraviser vil svekkje evna lokalavisene har til å finansiere den digitale journalistikken. Skal vi klare ei digital omstilling, treng vi papiravisene i mange år framover. For mange lokalaviser vil dette få dramatiske konsekvensar. At papiravisene skal bli levert på forskjellige dagar vil vere nådestøyten, seier generalsekretær Rune Hetland til avisa Nationen.

Også fagsjef for næringspolitikk i Mediebedriftenes Landsforening (MBL) Bjørn Wisted meiner ein reduksjon i postdagar per veke bidrar til geografisk forskjellsbehandling.

– For lokalavisene distribuerer Posten langt meir enn 15 prosent av avisdistribusjonen. Det Posten og Samferdselsdepartementet legg opp til er at ein får papiravis basert på kvar i landet ein bur, seier Wisted til Nationen.

(©NPK)