Gjeldslette skal gje fleire lærarstudentar

Unge som vurderer å utdanna seg til læraryrket, bør merka seg den ferske ordninga for gjeldslette. Ho kan krympa studielånet med meir enn 100.000 kroner.

Høgskulen i Volda er ein av mange utdanningsinstitusjonar som tilbyr lærarutdanning.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Siste frist for å søkja høgare utdanning gjennom Samordna opptak går ut 15. april.

– Eg er oppteken av at folk skal utdanna seg til jobb, ikkje arbeidsløyse, og lærarar vil vi trengja mange av i åra framover, seier leiaren av utdanningskomiteen på Stortinget, Roy Steffensen i Frp.

– Å vera lærar er eitt av dei viktigaste yrka i samfunnet, der ein skal motivera barn, pirra nysgjerrigheita og bli med på å forma framtida, legg han til overfor NTB.

Ordninga som opnar for at deler av studielånet kan bli sletta, blei oppretta i fjor haust. Ho inneber at studentar som fullfører grunnskolelærarutdanning på 1. til 7. trinn kan få sletta 106.000 kroner av studielånet. Kravet er at ein fullfører på normert tid og arbeider som lærar i minst tre av dei neste seks åra.

Også andre lærarstudentar vil kunne ha krav på gjeldslette i tillegg til at dei kan kombinere denne med ytterlegare 55.000 kroner i gjeldslette dersom ein arbeider som lærar i Nord-Noreg i minst tre av dei seks første åra etter fullført utdanning.