Kappløp mot 15 varmegrader

Temperaturar opp mot 15 grader, spår Meteorologisk institutt om vêret resten av veka. Fredag kan det bli opphaldsvêr landet over.

Det kommande godvêret gir moglegheiter for friluftsliv både i fjell og park.  Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Nyhende

– Akkurat no er det eit kappløp mellom fleire stadar om å nå 15 grader. Det skjer antakelegvis på Vestlandet, men eit par stadar på Austlandet kan også utmerke seg, seier meteorolog John Smits til NTB.

Godvêret kjem som følgje av eit solid høgtrykk frå Norskehavet, som truleg kjem til å halde stand ut helga. Dermed blir det fint vêr i store delar av landet.

– Fredagsprognosen ser særleg bra ut. Då kan det på ettermiddagen og kvelden bli opphaldsvêr over heile landet, seier Smits.

Finvêr over alt

Meteorologen spår temperaturar mellom ti og femten grader og særleg fint vêr på store delar av Vestlandet. Her blir det høge temperaturar på dagtid opp til Møre og Romsdal.

Samtidig kan også Trøndelag vente seg finvêr, og temperaturane stig også i dei tre nordlegaste fylka.

– Her blir temperaturane på dagtid truleg mellom null og ti grader, avhengig av kvar du er, spår Smits.

Usikkert lengst nord og sør

Smits trekkjer fram to område der vêret er meir usikkert.

Det eine er kyststrøka i Troms og Finnmark, der torsdags- og laurdagsvêret truleg vil bli prega av sludd og snøbyer. Det andre spørsmålsteiknet er dei sørlege delane av Sør-Noreg.

– Rogaland, Agder og Telemark blir trua av skyer sørfrå. Dei kjem drivande frå kontinentet, men det er ikkje sikkert at dei når fram til fastlandet. Det blir spennande å sjå kor langt nord dei kjem, seier Smits.

Lite flaum og uvêr

Smits melder om gode turforhold og temperatur på rundt nullpunktet på høgfjellet. I lågtliggjande fjellområde blir det meir varme, utan at Smits spår noka kraftig snøsmelting.

Følgjeleg vil flaumfaren vere låg.

– Så lenge det held seg tørt, smeltar snøen i passe fart, så dette er ikkje noka krise. Dette er det beste vêret NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) kan ønske seg, seier meteorologen.

Han melder også om små sjansar for uvêr.

– Det blir ikkje nokon storm, men det kan bli periodevis ein del vind lengst sør, og enkelte plassar i fjella sør for Jotunheimen, seier John Smits om vêret ut denne veka.

(©NPK)