– Betydeleg snøskredfare i alle himmelretningar

Illustrasjonsfoto.  Foto: Colourbox.com

Nyhende

På Sunnmøre har faren for snøskred vore på nivå 3, betydeleg, sidan laurdag.

– Komplekse forhold med fleire vedvarande svake lag. Ver forsiktig i solvende heng, særleg utover dagen. Her kan skred løysast ut naturleg, skriv varsom.no i varselet torsdag.

Problematisk i alle retningar

Onsdag melde ein observatør i NVE at problemet ser ut til å gjelde alle himmelretningar. 

– Vi har framleis mange svake lag i snødekket som kan bli svekka og naturleg løyst ut når fukta trenge seg nedover. Dette kan gi naturleg utløyste skred. Det ser ut til at problemet finst i alle himmelretningar, og med temperaturane som er venta kjem det svake laget til å bli svekka i alle himmelretningar.

Han har mellom anna teke bilete av eit snøras frå Kvitegga.

Ifølgje ein lokalkjent person går det berre slike skred frå søraust-sida av Kvitegga kvart tiande år, står det å lese i meldinga. Det har også gått skred frå nordsida av Overvollhornet og fleire i sørvestsida av Fremste Blåhornet. Desse gjekk truleg eit par dagar før observasjonen vart lagt inn i RegObs, men blei teke med for å illustrere skredproblemet, skriv observatøren.

Utrygt heile døgnet

Onsdag skildra han stabiliteten i Strandadalen som dårleg:

– Utløysing er mogleg med ei lita tilleggsbelastning. Eg fekk snødekket til å sette seg og sprekke opp berre ved å gå på det. Noko som er viktig ifølgje mi vurdering, er at skarelaget på toppen av snødekket berre er 5 centimeter tjukt på 900 moh. Under skarelaget er det fuktig vintersnø. Dette betyr at det er mogleg å løyse ut skred i høgda heile døgnet, ikkje berre når sola har varma opp snøen. Men sannsynlegheita er sjølvsagt større når sola ligg på.

Ifølgje observatøren vil ein først få ei stabilisering når varmen og fukta har trengt seg ned gjennom snødekket, noko som kan ta nokre dagar.

Ver obs på fareteikn

Varsom.no skriv at det vart observert flakskred i Strandadalen og Indreeidsdalen tysdag. Same dag vart ein person teken av skred på Saudehornet, men vedkomande vart ikkje dekt av snømassane eller skada. Onsdag vart det observert tørre flakskred i nordvendt heng.

Det førebelse varselet for fredag tyder på at faregraden vil vere betydeleg også i morgon.

Les heile varselet og kva ein bør vere spesielt oppmerksam på her.