Kallar tilbake feilmerkt produkt

Nyhende

Matvareprodusenten Ella's Kitchen kallar tilbake eitt parti av Maize puffs strawberry + banana fordi det ikkje er merkt i samsvar med norsk forskrift.

Produktet inneheld kveite, men det er merkt på engelsk, og ikkje norsk, slik norske reglar krev. Partiet som er kalla tilbake, blir selt hos COOP og i butikkane til Norgesgruppen. Dei som har kjøpt produktet kan få refundert beløpet i butikken.

Produsenten opplyser at dei har sett i verk umiddelbare tiltak for å fjerne partiet frå butikkane.

Det aktuelle partiet har nummer 03018 og best før dato 29/9-18.

(©NPK)