Bygdamøter om samfunnsplan for Stranda kommune

– Møt opp og gje innspel

Satse sterkare på Stranda sentrum framfor dei andre bygdelaga? Tillate heilårsbustad i hyttefelt? Kommunen ønsker innspel om kva veg Stranda skal i framtida.

Stranda sentrum: Skal ein satse på å styrke Stranda tettstad som bygdesentrum over Hellesylt, Liabygda og Geiranger? Det blir eit av dei relevante spørsmåla i samfunnsplanen.  Foto: Johan Behrentz

Stranda vgs: Kva utvikling ønsker ein for Stranda vidaregåande skule, og kva fagtilbod skal ein ha ved skulen? Det er eitt av mange overordna spørsmål som kan vere aktuelle å ta med i samfunnsplanen for Stranda kommune.   Foto: Hege Bjørkedal

Hevsdalen: Skal ein tillate kombinertbruk av hytter på hyttefelta i kommunen, og kva vil det i så tilfelle ha av konsekvensar for kommunen sin infrastruktur er eit tredje tema samfunnsplanen kan seie noko om.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Frå måndag 23. til torsdag 26. april blir det arrangert bygdemøte om samfunnsplanen i alle bygdelag i Stranda.

Plan- og utviklingssjef Einar Lied ønsker seg fullt hus i alle bygdene.

– Samfunnsplanen gjeld utviklinga for Stranda kommune framover, med fokus på alle bygdelaga. No ser vi på dei store, overordna måla. Kva utvikling ønsker vi for Stranda kommune framover i tid, seier han.

– Skal ein satse meir på turisme, skal ein satse på eitt sentrum i staden for fire bygdesentrum, skal ein tillate kombinertbruk av hytter? Alt dette er spørsmål for samfunnsplanen.

– Andre aktuelle spørsmål er korleis vi kan få til ei auke i folketalet, og sikre busetjing. Skal vi satse på gjennomgangsbustader, eller gjere andre tiltak. Den vidaregåande skulen med utdanningstilbod og kollektivtransport er eit anna stort tema.

– No er tida for å kome med uttale, og her bør folk kjenne si gjestingstid. Alle har tankar om korleis ein ønsker kommunen skal utvikle seg, og vi vil at så mange som mogleg møter på bygdemøta og kjem med innspel. Det er mange som sit med gode idear, og vi vil gjerne ha tak i desse. Di lenger ut i prosessen vi kjem, di vanskelegare er det å få inn nye moment, seier Lied og legg til at dei er spesielt interessert i å engasjere dei unge i denne diskusjonen.

– Men alle aldersgrupper bør møte på bygdemøta. Næringslivet i kommunen vil òg ha viktige innspel å kome med, seier han.

Målet til Stranda kommune er å få vedteke samfunnsplanen i løpet av hausten, før ein deretter startar arbeidet med arealplanen.