Det seier redaktøren sjølv til avisa. Relling Berg ga beskjeden om at ho ønsker å gå av etter sommarferien under eit allmøte torsdag 21. mars.

– Eg kjem til å bli sitjande til ein etterfølgar er klar, og fram til det skjer skal eg ha fullt fokus og merksemd på dei mange prosjekta vi held på med, seier ho til Sunnmørsposten.

På spørsmål om kvifor ho vel å gå av akkurat no, svarer ho at ho meiner at dette er det rette tidspunktet, og at det er på tide å sleppe nye krefter til.

Ho har vore ansvarleg redaktør i mediehuset sidan ho tok over etter Harald H. Rise i 2007 og blei den første kvinnelege redaktøren i «Vigra-bibelen». Starten på journalistkarrieren fekk ho som sommarvikar på Sunnmørsposten sitt Stranda-kontor. Vidare blei ho fast tilsett på Ørsta-kontoret før ho kom til Ålesund.

Ho er frå Sykkylven, og er dotter til den berømte møbeldesigneren Ingmar Relling. Ho er også tidlegare leiar i Norsk Redaktørforening.