Er det dette du eigentleg seier Stein Lystad?

Ikkje i eit einaste innlegg klarer Stein Lystad å svare på korleis han har tenkt å halde oppe alt som før og alle tenestene i bygdelaga som før, etter at Lystad og SP har brukt opp alle pengane.

Det er dette Lystad gong etter gong kjem med, at alt av tenester skal vere som før i alle bygdelag, legevakt osv., utan å forklare korleis dette skal kunne finansierast med totalt tømt kommunekasse, – det er dette som er «svada» Lystad.

Ja, du skal få lov til å meine akkurat kva du vil, men folket i heile Stranda kommune har fått opplevd deg og din politikk i SP i praksis, der Stranda tettstad i mange år er ofra for vanvettige pengesløseri i bygdelaga.

Brannbilgarasje og fylkeskommunal ferjekai er nokre av desse døma, som samla hadde kunna finansiert kommunen sin andel av ny sjukeheim på Stranda.

Så igjen, svar meg no Stein Lystad,

– Korleis har du tenkt å finansiere og såleis halde oppe alle kommunale tenester, legevakt osv. i alle bygdelag?

– Korleis har du tenkt å samtidig kunne finansiere ny sjukeheim og nye omsorgsbustadar for eldre i Stranda tettstad?

– Korleis har du tenkt å finansiere ny Ringstad skule på Stranda.

Så kan eg sikkert fortsette, men det lar eg vere.

Nei, vi i FrP har ikkje tenkt å gje vekk noko som helst, heller ikkje lose oss rett inn i kommunesamanslåing. Men, du og resten i SP har torpedert all drøfting med befolkninga ang. dette spørsmålet, uansett om dette gjeld mot Sykkylven eller mot Fjord.

Ein ting er sikkert, med den økonomien som SP har køyrt kommunen i, klarer ein ikkje å drive Stranda kommune åleine lenger.

Så kan ideologien din Lystad, berre få vekse så mykje som den vil, den hjelper ingen.

Faktabasert økonomisk forståing av kommuneøkonomien i Stranda er sikkert vanskeleg å forstå Lystad, men du bør snart oppfatte og forstå når «kassa er tom».

– Ikkje vil du svare på noko som helst av spørsmål?

– Ikkje klarar du å svare på dette heller.

– Og, sannsynlegvis har du for lengst oppdaga at vi har rett!