Eg vil bare respondere med å seie at +3,3 prosent -4,3 prosent = -1,0 prosent nødvendigvis. Fylkeskommunedirektøren seier derfor heilt korrekt at det er 1 prosent realnedgang. Og berre for å gje det heilt inn med teskei til deg, Frank Sve: +3,3 prosent refererer eg då til som nominell vekst naturlegvis; mens så lenge denne er lågare enn forventa løns- og prisvekst (på 4,3 prosent), vert det ein realnedgang på 1 prosent. Dette bør vere heilt elementært å forstå!