Ja, eg tok nok litt hardt i, men når såkalla fagfolk ikkje forstår at fylket må ha minst deflatoren på 4,3 prosent for å kunne oppretthalde eit driftsnivå på 2023-nivået kompensert for løns og prisvekst for å unngå betydelege kutt, ja så kan eg ikkje anna enn å reagere.

Hovudbodskapen i mitt innlegg var ang. ei Sp/Ap-regjering som slett ikkje verken legg til rette for offentleg eller privat verksemder, med skyhøge skattar og avgifter, skyhøge drivstoff, straum og matvareprisar og ei rente som fyk til himmels.

Fylkeskommunen har eit budsjett på over 7 milliardar kroner, 5,1 milliardar kroner blir fordelt til einingane.

Det skulle skine av kommunane berre Sp kom til makta.

Men det gjer ikkje det når budsjettet har ein realnedgang, som vil føre til mindre pengar for å oppretthalde tenestene. Dette i tillegg til alle dei andre negative faktorane som rammar næringslivet og samfunnet, som ganske sikkert påfører ytterlegare tap for kommunane ang. mogeleg negativ skatteinngang.

No toler eg å bli korrigert av Kjetil Lie frå Telemarksforskning der eg nok tok for hardt i, men at det korrekte er 1 prosent realnedgang til fylket. Dette sjølv om regjeringa dei siste åra ikkje har kompensert fullt ut løns og prisstigning, slik at effekten for fylket er minst mellom 5–12 prosent i realnedgang.

Men Kjetil Lie tek minst like feil sjølv når han seier at det er, + 3,3 prosent som er det rette ang. budsjettet til fylket og forsøker å teikne eit slikt bilde.

Fylkeskommunedirektøren seier det er 1 prosent realnedgang, og ikkje +, og i denne samanhengen trur eg faktisk meir på økonomisjefen i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Dette betyr at fylkeskommunen må kutte betydeleg i budsjettet i 2024 i forhold til drifta i 2023.

Så har eg ein mistanke om at den innleigde fagekspertisen frå Telemarksforsking i Stranda økonomien har meir enn nok med dette. Har registrert at talstørrelsar og «opplagde» faglege vurdering har endra seg der også.

Såleis trenger ikkje Kjetil Lie forsøke seg på å kaste seg inn som nokon «redningsplanke» for Vedum og Sp i fylkespolitikken i Møre og Romsdal.