Aller først vil eg seie at eg er veldig overraska over at Frank Sve går til angrep på desse ordførarane sitt initiativ. Saka handlar først og fremst om å få realisert vegstrekninga på fv. 60 mellom Røyrhus og Hornindal.

Den løyvinga Sve viser til, som er foreslått frå Høgre og Frp, fekk brei tilslutning, tilnærma einstemmig. Men det er berre ei oppstartsløyving.

Vi har rett nok ikkje fått nøyaktig kostnad på prosjektet. Men kanskje 400–500 millionar kroner. Det er i alle fall ingen grunn til å tru at det vert noko billigare.

Om dette skal realiserast i nær framtid, vert vi nøydde å tenke nytt og litt utradisjonelt. Difor kom vi med dette utspelet. Det handlar ikkje om at eg skal bruke midlane til Stranda kommune for å utbetre ein veg i ein annan kommune. Det handlar om å setje i gang eit arbeid for å sjå om vi kan inngå eit samarbeid. Der mellom anna fylkeskommune, bank, finans, forsikringsselskap og liknande kan vere med på å ta del i arbeidet på dette området.

Det er litt underleg, synest eg, at Frp som elles er så opptatt av nye vegar plutseleg skal vere ueinig og refse oss for eit initiativ i ei sak som treng nytenking. Målet er eit prosjekt som både bygg og driftar over eit 20 års-perspektiv, sånn at dei som er med på å investere midlar i prosjektet i starten skal få desse att i ein avtale gjennom 20 år.

Det handlar ikkje om at kommunane skal bruke pengar som dei aldri ser att, men å lage ei løysing for å bygge ny veg dei neste fire-fem åra. Det må vere målsetjinga, og ambisjonen, og det håpar eg at Frank Sve er med på. Om ikkje så har han starta ny politikk som i alle fall eg ikkje kjenner att frå Frp.

Eg er overraska over den inngangen han har i saka, og at han er så einsidig negativ. Her snakkar vi om å etablere ein finansiell base, som igjen kan vere med på å sikre at prosjektet vert gjennomført. Det handlar ikkje om forholda i Stranda kommune, då det ikkje er meininga å ta frå det kommunale budsjettet. Det hadde vore meiningslaust, og for dei som kjenner meg så er det ikkje slik eg driv politikk.