Eg viser til innlegg frå Frank Sve i Nyss på nett og i papiravisa til Nyss onsdag 9. august med kommentarar til mitt innlegg veka før med spørsmål til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik om «forskrift for utsleppsfrie verdsarvfjordar».

Korkje Sve eller eg var spesielt glade då det i riksdekkande media for nokre år sidan vart slått fast med krigstypar at Geiranger var den mest forureina staden i landet. Målingar utført og presentert i kommunestyret viste oss at forureininga ikkje forsvann, sjølv etter at sesongen var over.

Vedtak vart deretter gjort, som Sve påpeiker, om at styresmaktene (I) skulle gjere verdsarvfjordane utsleppsfrie og (II) sikre cruisetrafikk og reiseliv i verdsarvområda både før og etter 2026. Det sentrale her er sjølve definisjonen av kva som er nullutslepp. Vi veit at EU har jamstilt biodrivstoff og biogass i sitt regelverk, medan det i høyringsutkasta frå Sjøfartsdirektoratet/ Klima- og miljødepartementet berre er biogass som kan nyttast. Som eg skreiv i mitt førre innlegg er det svært få skip som kan nytte biogass, og i tillegg er det mange av dei som berre nyttar biogass i hamn. Om høyringsutkastet vert vedteke så dekker dermed ikkje det (II) sikre cruisetrafikk og reiseliv i verdsarvområda både før og etter 2026.

Eg vil tru Frank Sve er einig i at negativ folketalsutvikling med tilhøyrande inntektstap er mellom dei største utfordringane Stranda kommune har i åra som kjem. Stranda Høgre vil sjølvsagt vere med på å ta dei grepa som er naudsynte for å få økonomien på rett kjøl. Men om nedgangen i folketal held fram, vert vi aldri ferdig med å kutte, og vil kome i ein situasjon der dei tenestene som vert berga eine året, vert utfordra året etterpå.

Ikkje minst av den grunn treng vi difor svar frå kommunalministeren på kva for kompenserande tiltak kommunen kan rekne med i åra som kjem, dersom styresmaktene vel å strupe cruisetrafikk til verdsarvområda. Eg har von om eit godt samarbeid med dei andre partia i kommunestyret og med Frank Sve som lokal representant på Stortinget, slik at ikkje dei inntektene kommunen og reiselivet har frå dei cruisereisande berre fell bort. Vi må stå saman i denne viktige kampen!