Forklar, nokon skal bygge, finansiere, og drive, men kven skal betale?

Såkalla offentleg/private samarbeid som Tryggestad snakka om i SMP, er berre ein idé som er totalt urealistisk for fv. 60 gjennom Hornindal. Nokon må uansett betale renter/og avdrag på ei finansiering av ein plass mellom 500–800 millionar over 25 år. Dette gjeld uansett kven som eig eller bygg. Fylkeskommunen har ansvaret og er vegeigar, som har valet om å bygge og finansiere sjølv over 30 år.

Eit OPS prosjekt der kommunar eller private investorar finansierer prosjektet, vil uansett også måtte dekke sine kostnadar, men til vesentleg høgare kostnadar enn fylket.

Ved OPS finansierer og bygg private anlegget og leiger dette ut til fylket/stat, der dei overtek eigarskapet etter enda leigetid. Dette betyr at fylkeskommunen må betale for fv. 60 Hornindal uansett, og vesentleg dyrare med det Tryggestad febrilsk forsøker å stå fram som ei «valkamp-gladsak» Det er dette som gjer at OPS ikkje har blitt brukt mykje, rett og slett fordi dette er ein dyr måte å bygge offentleg veg på.

100 millionar frå kommunane har brått blitt til noko anna, men kva? Er det bedrifter som er villig til å gje frå seg pengane sine heilt utan avkastning?

Nei, fylket har prioritert dette prosjektet no, og dette er ikkje meir krevjandes enn til dømes Nerlandsøybrua som er under bygging, 100 prosent finansiert av fylkeskommunen.

Verken eg eller FrP er negativ til ny fv. 60 gjennom Hornindal, men dette må byggjast på fakta og realisme, ikkje fromme urealistiske ønsker i ein valkamp.