Feil, fordi du Lystad og Sp tydeleg har konkludert i blinde om framtidig kommunestruktur.

Derimot har Frp i sitt partiprogram formidla at vi ser det som nødvendig med ei utgreiing av kommunestrukturen ilag med våre nabokommunar.

Dette for å få synleggjere felles økonomiske gevinstar i innsparingar.

Først når vi har den nødvendige kunnskap, kan vi konkludere. Ikkje som Lystad, som konkluderer på førehand, blind, uvitande og forutinntatt.

Feil, Lystad, fordi du og Sp ikkje vil stå inne for den svært tynnslitne økonomien dykk har påført kommunen. Ei heller vil Sp og Høgre, ikkje fortelje oss kva og kvar innsparingar og kutt som skal gjerast. Dette når vi må kutte i drift på meir enn 40 mill. kvart år framover.

Sp og Høgre har tvinga dette fram med sine feilslåtte økonomiske prioriteringar.

Når eg og Frp synleggjere dette, tek Lystad på seg ei offerrolle, og har ytringar som « ikkje særleg sakleg, simpel politikk, skape uhygge, splid og usikkerheit. «

Feil, Lystad, fordi det er ikkje Frp som skaper splid mellom bygdelaga, det er Sp og no med Lystad, som set bygdelaga opp mot Stranda tettstad. Dette med si nedprioritering av tettstaden over fleire år.

Som eksempel kom dette tydeleg fram med dei som verkeleg er ofra i Sp sin politikk, nemleg dei eldre på Stranda. Desse skreik sine modige tårer og ytra sin fortviling over eldreomsorga til Sp og Høgre.

Spliden er skapt av desse to partia med å sette Stranda tettstad på sidelinja og favoriserer dermed bygdelaga.

Dette skaper som Lystad ytrar usikkerheit, splid og uhygge av simpel politikk.

Du har rett i Lystad at til liks som deg må også eg som lokalpolitikar få brenne for min tilhøyrsle, nemleg Stranda tettstad.

Du har rett i at gjensidig respekt i politikken skal kunne krevjast av alle partia også Sp.

Eg håper du har heilt rett i at mange i Stranda tettstad stemmer på Frp i kommande val. Det er trass alt dei som er mest skadelidande av din og Sp sin politikk.

Til slutt, Lystad, meiner eg framleis at du slit med å løfte stolen du sjølv sit i.